Fagleg kunnskap til studentar

Praktikantopphaldet skal bidra til å utvikla den faglege kunnskapen til studentane i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgivarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk arbeid skal studentane få høve til å verta meir medvitne om eiga yrkesrolle og om korleis det er å arbeida ved bedrifter/institusjonar der utdanninga er relevant.

Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i den bedrifta/institusjonen dei er utplassert i. Det er ein føresetnad at dei får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante for deira faglege kompetanse og arbeidsstaden sine behov. Arbeidsoppgåvene til den einskilde student vil verta konkretiserte i ein kontrakt mellom studenten og den enkelte institusjon.

Praksisopplegget ved IKA Hordaland

Kvart år vert det utarbeida ein eigen plan for praksistudentane. Tidlegare års opplegg kan du sjå nedanfor. Kvart år vert det lagt opp til at studentane skal gjennomføre lov- og forskriftsmessig ordning av deponerte arkiv. Det vil seie at dei skal ordne og katalogisere arkiv vi har i depot hjå oss etter norsk allment arkivskjema, kassasjonshandsame arkiva etter arkivforskrifta § 15 og § 16 og gjennomføre arkivavgrensning av trykksaker, duplikat og anna arkivfiendtleg materiale etter arkivforskriften § 14 og § 16.

Som historikar er eg vant til å handtere store mengder informasjon, og å vere systematisk og nøye. Desse eigenskapane har vert nyttige i det praktiske arbeidet arkivinstitusjonar utfører. Det har også vore ein fordel for meg å vere trena til å vere kritisk, og å utføre større prosjektarbeid, seier Theresa Rosell-Helland.

Med ei interesse for og utdanning innan historie ser eg verdien av å ta vare på og å formidle historisk informasjon. Eg synes blant anna at det har vore interessant å ha jobba med informasjon om enkeltpersoner og samfunnet blir bevart for ettertida samt å sjå personars livsløp bli dokumentert gjennom arkiva fra fødsel, gjennom skule og arbeid til død. Eg ser IKA Hordaland som ein attraktiv arbeidsplass for historikarar og samfunnsvitarar. Det er også ein hyggelig arbeidsplass med mange unge kollegaer. Dette har bidre til at eg har vore fornøgd med min praksisperiode, seier ho.

Erfaringar frå ein av våre praksisstudentar henta frå ein artikkel frå UiB om studieemnet.