Eigarkommunane betaler årleg inn tilskot til drifta basert på folketal. Selskapet sitt øvste organ er representantskapet der alle eigarkommunane er representert. Dei vel eit styre som forvaltar selskapet og er ansvarleg for at dette vert drive i samsvar med selskapet sitt føremål, selskapsavtalen og retningsliner vedteke av representantskapet. Dagleg leiar har ansvar for den daglige drifta av selskapet.
IKA Hordaland sitt føremål er å arbeide for at verdifullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid, og gjort tilgjengeleg for offentleg verksemd, forsking og andre administrative og kulturelle formål, jf. Lov om arkiv § 6 (arkivlova).