I 2020 gjennomførte vi eit pilotprosjekt kor frivillige frå Universitetet i Bergen bidrog med å digitalisere arkivkjelder, hovudsakeleg etter overformynderia. Her kan du lese meir om prosjektet.

Over dei neste to åra var 15 frivillige involvert i digitaliseringsarbeidet vårt.  Frå 2022 har talet på deltakarar auka til 26, alle frå Universitetet i Bergen. Desse engasjerte deltakarane har spelt ei avgjerande rolle i digitaliseringa av 571 kjelder, som inkluderer imponerande 50 000 bilete.
 

Dei siste to årane har deltakarane bidrege til digitalisering av privatarkiv. Dette har resultert i auka representasjon av privatarkiv på Digitalarkivet, og gjort dei meir tilgjengelege for allmenta. Dei frivillige har òg arbeidd med indeksering av ein del arkivkjelder på Digitalarkivet.

Vi er takksame for den gode innsatsen til våre frivillige og av stolte av dei positive tilbakemeldingane vi har fått på samarbeidet. Mange har komme tilbake for å delta i etterfølgjande prosjektrundar, og vi har òg fått nye deltakarar. Bidraget deira har skapt kontinuitet i talet på frivillig deltakarar, skanna bøker og gjennomførte skannevakter.

Våre frivillige får grundig opplæring i bruk av bokskannarar, laupande oppfølging under prosjektet, brukartilgang og opplæring i bruk av Digitalarkivet. Dei blir krediterte for arbeidet sitt, får moglegheita til å gi innspel på digitaliserings- og tilgjengeleggjeringsstrategien, og får ein attest for utført arbeid. Dette gir deltakarane ikkje berre innsikt i historisk materiale, men også verdifull arbeidserfaring og moglegheita til å ta initiativ til å læra meir om digitalisering av kulturarv og arkivarbeid.

Ønsker du å bli frivillig hos oss?

Viss du ønskjer å vera frivillig hos IKA Hordaland kan du melda deg på ved å bruka vårt Microsoft Bookingskjema. Vi ser fram til å ønskja deg velkommen til vårt dedikerte team for bevaring og formidling av kulturarven.