Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Arkivfagleg rettleiing

Det kommunale arkivansvaret

Kommunen har, som offentleg organ, etter § 6 i arkivlova plikt til å ha arkiv, og arkiva skal vere ordna og innretta slik at dei er tilgjengelege som informasjonskjelder for samtid og ettertid. Forskrift om offentlege arkiv (arkivforskrifta) inneheld detaljerte føresegner om arkivarbeid og arkivbevaring i kommunen.

Administrasjonssjefen har det overordna administrative ansvaret for kommunen sine arkiv. I dei fleste kommunar vil dei fullmaktene som gjeld dei daglege arkivfunksjonane vere delegert til ein arkivleiar, som er fagleg overordna for arkivtenesta, dvs. dei tilsette som arbeider med arkiv i kommunen. Leiarar for avdelingar og institusjonar i kommunen kan få delegert ansvar for arkivet i sine administrasjonar. I større einingar vil det operative arkivansvaret vere delegert til ein eigen arkivansvarleg. I mindre einingar vil leiaren sjølv fungere som arkivansvarleg. Kommunane har normalt gjort vedtak om arkivorganisasjonen i arkivplanen, og det vil gå fram av den einskilde kommunen sin arkivplan korleis arkivfullmaktene er delegert.

Under finn du informasjon om kva tenester vi tilbyr innanfor arkivfagleg rettleiing. 

 

 

>