Film laga i høve 35-årsjubileet til Interkommunalt arkiv i Hordaland
Video av Henrik Rugesæter 2023 (Rugesæter klipp)
Visjonen vår er å vere ein døropnar til historia og vi håper at både eigarkommunane og publikum finn den informasjonen dei treng på sida vår. Samarbeidet vart skipa i 1987, og vart i år 2000 gjort til eit interkommunalt selskap. Frå 2020 har IKA Hordaland hatt 24 eigarar.
Selskapet sitt føremål er å arbeide for at verdfullt arkivmateriale i eigarkommunane vert teke vare på og sikra som informasjonskjelder for samtid og ettertid.
På IKA Hordaland oppbevarer vi arkiv etter eigarkommunane våre. Bestanden består i hovudsak av kommunalt arkivkjelder frå perioden 1837-2019. Arkivkatalogene våre gir ei god oversikt over kva for arkiv som er oppbevart hjå oss og kva dei inneheld.
Alle er velkomne til å utforske arkiva på vår lesesal. Mykje av det eldre arkivmaterialet er òg digitalisert og tilgjengeleg for publikum på Digitalarkivet.
Video av Henrik Rugesæter 2023 (Rugesæter klipp)