Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
3. april:

Vi oppdaterer nettsidene – enkelte sider kan innehalde utdatert informasjon eller daude lenkjer

Vi arbeider for tida med å oppdatere innhaldet på nettsidene våre. Det kan føre til at noko informas... Les mer...

Depottenester

IKA Hordaland tilbyr ei rekkje depottenester laga for å hjelpe eigarkommunane med å oppbevare og ta vare på arkiv i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Arkivdepotet vårt er lokalisert i Bergen. Arkiva vert oppbevart i arkivmagasin som tilfredsstiller krava til spesialrom for arkiv. Når det gjeld bevaring av elektroniske arkiv, nyttar vi oss av Arkivverket si bevaringsløysing.

Vi tilbyr også hjelp i samband med ordning og deponering av arkiv. Deponering frigjer plass, gjer arkiva meir tilgjengelege og sikrar at dei blir tekne vare på på ein trygg og forsvarleg måte. I tillegg tilbyr vi digitalisering av analogt skapt materiale og har omfattande erfaring med å digitalisere ulike format.

>