Innsyn i teiepliktig materiale

I utgangspunktet er alle offentlege arkiv fritt tilgjengelege for publikum. Det er likevel nokre unntak som set grenser for denne retten. Dette gjeld materiale som er underlagt teieplikt jf. forvaltningslova § 13. Klausuleringstida for teiepliktige opplysningar fell normalt bort etter 60 år. For barnevern- og adopsjonssaker er klausuleringstida 100 år jf. forvaltningsforskriften § 10.

Ved innsyn i arkiv skapt før offentleglova av 1970 tredde i kraft må det påreknast at sakshandsaminga kan ta ekstra tid. Klausulerte saker og dokument vart i tida før 1971 ikkje stempla eller merka med at dei var unntatt offentlegheita. Dette gjer at det kan vere tidkrevjande å skilje ut klausulert arkiv frå denne perioden.

Partsinnsyn

Alle har rett til innsyn i opplysningar om seg sjølv. Innsynsførespurnader i personregister – opplysningar om eigen oppvekst, skulegang eller helse – skal ikkje rettast til oss, men til kommunen der du bur eller har budd. Vi kan ikkje levere ut denne type informasjon direkte til privatpersonar. 

Forskningsføremål

Dersom du ønskjer innsyn i klausulerte opplysningar i samband med forsking må du søke om dette. Du må sende ein søknad til det einskilde departement som avgjer om du får innsyn eller ikkje. 

Søknaden må vere skriftleg, underteikna og gjelde eit spesifisert materiale. Det blir ikkje gitt tilgang til andre delar av arkiva enn det som er naudsynt. Søknaden skal innehalde ein kort skildring av prosjektet som gjer greie for problemstillingar og for korleis opplysningane skal bli brukt. Forskarar må opplyse om sin vitskapelege stilling, medan studentar må leggje fram stadfesting frå sin faglege rettleiar. Viss du får innsyn frå departementet må du underteikne ei teieplikterklæring. 

Lesesalen

Alle er velkomne til å besøke oss på lesesalen vår som vi deler med Bergen byarkiv. Vår besøksadresse er Kalfarveien 82 i Bergen. Lesesalen finn du i 2. etasje.

Lesesalen er open måndagar og tysdagar mellom kl 09.00 - 15.00. Alle besøk må avtalast i god tid på førehand.


Reglement for bruk av arkivmateriale på lesesalen

Arkivmateriale er uerstatteleg og du må difor vise varsemd når du skal bruke det. Hugs å:

  • Opne berre ein arkivboks eller pakke om gongen.
  • Pass pÃ¥ at dokumenta vert liggjande i rett rekkjefølge.
  • Aldri fjerne noko av innhaldet.
  • Bruk berre blyant nÃ¥r du skal notere noko og pass pÃ¥ at arkivsaker ikkje vert skriveunderlag. Det skal vere blyantar tilgjengeleg pÃ¥ bordet.
  • Ikkje sett blyantmerke i protokollane eller dokumenta eller lag brettar i dei.
  • Ikkje legg opne protokollar oppÃ¥ kvarandre.
  • Du kan bruke eigen datamaskin pÃ¥ lesesalen.
  • Informer lesesalsvakta om du er ferdig med materialet eller vil sjÃ¥ pÃ¥ det seinare nÃ¥r du gÃ¥r.