Aktørskildring for kommunal sektor
Kommunale arkiv var lenge rekne som utilgjengelege. Arkiva stod sjeldan samla, og kunnskapen om dei var generelt låg. Med boka Administrasjonshistorie og arkivkunnskap frå 1969 ønska forfattarane Liv Mykland og Kjell Olav Masdalen å opne kommunearkiva for både publikum og sjølve kommuneadministrasjonen. I boka blir kommunalt arkivmateriale frå perioden før 1965 gjort greie for og presentert. Boka har vore eit viktig bidrag for at dei eldre kommunearkiva i dag er opne opp for publikum, og at dei har blitt ein viktig kjelde for forskarar, studentar og historieinteresserte.
Eit tilsvarande arbeid for arkivskaparar etter 1965 vart derimot ikkje gjort. Dette var bakgrunnen til at vi i 2019 starta opp prosjektet Standardisering av aktørskildring for kommunal sektor. Prosjektet er delvis finansiert av Arkivverket og delvis finansiert av Interkommunalt arkiv i Hordaland.
I prosjektet har vi til nå utarbeidde standardiserte skildringar av 60 kommunale arkivskaparar frå perioden etter 1965. Utvalet er gjort blant små og store aktørar frå arkivskaparkategoriane sentraladministrasjonen, økonomiforvaltning, kyrkje og kultur, undervisning, sosiale oppgåver, tekniske oppgåver og nærings- og ressursforvaltning.
Skildringane følgjer KAISA-prosjektet sine tilrådingar til aktørskildring. Dette er ein veletablert standard blant kommunale arkivinstitusjonar som byggjer på praksis ved ulike kommunale arkivinstitusjonar, samt StandArk sin tabell for samfunnsplassering.
Arbeidet vi har gjort i prosjektet legg til rette for meir effektiv formidling og forsking. Vi har kartlagt ulike kommunale arkivskaparar, og korleis etatsstrukturen har endre seg over tid. Denne kartlegginga gjer det enklare å følgje kommunalt ansvar og oppgåver gjennom tidene. Skildringane er kort faktaorienterte tekster som er utvikla med tanke på at dei kan bli brukt på Arkivportalen. Dette bidreg til å skape brukarvenlege informasjons- og publiseringskanalar for arkiv, som igjen vil resultere i at fleire tar i bruk kommunalt arkivmateriale.
Resultatet av arbeidet og prosjektrapportane finn du under:
Sjå også artikkel om prosjektet i Arkheion 2/2020 eller i PFD-versjon: Aktørbeskrivelse for kommunal sektor.
Tidlegare utgåver
Aktørskildringar for kommunal sektor - Kommunale arkivskaparar etter 1965 (2020)
Aktørbeskrivelser for kommunal sektor - Kommunale arkivskapere etter 1965 (2020)
Aktørskildringar for kommunal sektor - Kommunale arkivskaparar etter 1965 (2021)
Aktørbeskrivelser for kommunal sektor - Kommunale arkivskapere etter 1965 (2021)