Kommunale forsyningsnemnder 

Den 25. august 1939 vart lov om forsyningsnemnder sett i kraft ved kongeleg resolusjon. Hovudoppgåva til dei kommunale forsyningsnemndene var å sikre forsyninga av dei mest naudsynte forbruksvarene til innbyggjarane i kommunen. Dette innebar mellom anna å få tak i varer, føre tilsyn med omsetninga, ha oversikt over lager og etablere reservelager for særleg viktige varer. Nemnda bestemte rasjoneringar og delte ut rasjoneringskort til husstandar, verksemder og institusjonar. Dei førte detaljerte lister over kva den einskilde fekk utdelt og førte tilsyn med jordbruksproduksjonen. Med andre ord, det vart satt i gang eit stort kontrollapparat, for å sikre at forbruksvarene vart jamt delt i samfunnet. Arbeidet og dokumentasjonen etter desse kommunale kontrollapparata gjer at vi i dag sit igjen med eit omfattande arkivmateriale, som gjer oss eit unikt innblikk i og eit interessant perspektiv på det norske samfunnet under okkupasjonsåra (1940-1945).

Rasjonering av forbruksvarer

Eit tydeleg symbol på kontrollen over forbruksvarene er rasjonering og rasjoneringskort. Alle kommunar har dette i sine arkiv frå forsyningsnemndene. Nemndene samla inn opplysningar om alle husstandar i sin kommune og vi finn nøyaktige register over namn, kjønn, alder og yrke, i tillegg kontrollerte nemnda det husstanden allereie hadde av forbruksvarer og førte lister over dette. Desse undersøkingane danna då eit grunnlag for kor mange rasjoneringar kvar husstand hadde krav på. Det var ein rekke reglar for kor mykje varer kvar husstand hadde krav på, til dømes kunne ein få ekstra smør om ein dreiv med tungt arbeid, ekstra fløte ved graviditet og tran om ein hadde yrke som kravde godt nattsyn.

Kva var det rasjonering på?

Kaffi og sukker var noko av det første som vart rasjonert i 1939, men det var først hausten 1940 at ein i Noreg fekk ei merkbar varemangel. Våren 1940 hadde Tyskland okkupert Noreg og både nordmenn og tyskarar hamstra varer som enno var «frie». Dette gjorde at det tilslutt vart rasjonering på det meste. Det vart innført strengare tilsyn, både hjå privatpersonar, forretningar og gradbrukarar. Alt var ført opp og det gjekk sport i å gøyme unna ting, som mat og dyr når tilsynet kom.

Frå naud og fortviling til lykke og håp

Den delen av forsyningsnemndene og deira arkiv som gjer djupast inntykk er alle dei personlege breva som innbyggjarane sendte nemndene. Ofte handlar breva om ønske om auka rasjonering. Grunnane var mange, plutseleg endra livssituasjon, som graviditet, bryllaup, død eller sjukdom, medan andre ville prøve lykka. I breva kan vi lese om ei mor som ikkje har varme klede til borna sine til vinteren og ber om rasjonering på ull. I eit anna brev les vi om ein ektemann som ber om større rasjonering på mjølk då kona hans ligg på sjukehus og berre klarar å få i seg væske. Det finst også hyggelege brev, som søknad på meir fløte til kakebaking i samband med bryllaup. Historiene er mange og det triste er at forsyningsnemndene som oftast må avslå søknaden fordi det rett og slett ikkje fantes varer eller at mengda med varer var så liten at berre dei med størst behov kunne få. Det må ha vore ein hard og vanskeleg jobb å sitte i forsyningsnemnda, å si nei til naboen din som du veit treng meir mat eller klede, men ikkje kan bli prioritert. Sjølv om arkivmaterialet viser mykje naud og fortviling, finn ein også lyspunkt om lykke og håp og ikkje minst brev med god humor, som dette svaret frå Ullensvang forsyningsnemnd. Etter å ha fått inn ein søknad på rim, svarar faktisk nemnda tilbake på rim!

Sjølv om okkupasjonen enda i 1945, haldt Forsyningsnemndene fram med sine oppgåver. Mange varer vart forsatt rasjonert, som til dømes sukker og materiale til husbygging. På 1960-talet hadde dei fleste kommunane derimot avvikla nemndene.