I desse tider er mange naturleg nok uroa over framtida. Økonomien skrantar, det er uro kring forsyningssituasjonen og helsa til folk. Om det er trøyst å hente i fortida, i å søkje kunnskap om tidlegare kriser, kan diskuterast. I alle høve kan det gje auka forståing av det våre forfedre- og -mødre måtte stri med. Slekts- og lokalhistoria kan gje oss innsikt i liva deira. I tillegg til i minnet og i heimane til folk, finst det spor etter dei i arkiva. Allereie 18. oktober 1938 skreiv Statens Kornforretning til kommunane at dei har «teke mot spurnader um varetaking no er turvande etter at tilhøva i Millom-Europa har vorte rolegare». Med utbrotet av andre verdenskrig hausten 1939, vart det snart turvande, og det vart oppretta forsyningsnemnder i heile Noreg, først for å sikre kornforsyninga.

Teljing av grønsakareal og frukttre, 1944

Alt kan registerast

Vert det knapt om mat, må ein dele på det ein har, dei fleste har høyrt om rasjoneringa under krigen. For å drive rasjonering må ein vite kor mykje mat kvar person kan få, og då må ein vite kven og kor mange som bur kvar. Allereie i oktober 1939 tok ein til med denne registreringa, i røynda ei folketeljing, i kommunane. I Kvinnherad registrerte ein alle husstandar i kvart distrikt på registerkort. Her finn ein informasjon om huslydane per 7. oktober 1939, når dei er fødde, kva yrke dei har, og i nokre tilfelle om og når dei har flytta. Ein registrerte òg kven som flytta til og frå Kvinnherad i eit eige register. Det var viktig å vite kvar folk heldt til, sidan kvar kommune hadde si eiga forsyningsnemnd og måtte gje rasjoneringskort til dei som til ei kvar tid budde i kommunen. Det er mellom anna eit brev frå Forsyningsnemnda i Bergen om ein person som oppgjer å vere omstreifar. Han hadde fått rasjoneringskort på såpe og brød og ville slå seg ned i Bergen, men var han frå Kvinnherad? Som Forsyningsnemnda  i Bergen skreiv: «Da han tidligere har fått kort hos Dem, tør en be Dem undersøke om han er registerført der, og i tilfelle sende skjema 16 hertil». Svaret finn vi dessverre ikkje i arkivet. Meir alvorleg er ei stadfesting frå okkupasjonsmakten om at ein fabrikkarbeidar frå Sunde har vore fengsla i Espeland leir i over eitt år. Dette måtte Forsyningsnemnda vite, slik at han fekk rasjoneringskort.

Mange i Noreg kjem enten frå gard eller har slekt som kjem frå gard, og det gjer nettopp Forsyningsnemnda til ei god kjelde til informasjon om eigen familie. Sidan det var lite import av mat i desse åra, var det viktig at bøndene dyrka det dei kunne. Nemnda ville vite om gardane dyrka meir enn dei trong sjølve, og registrerte derfor kva folk dyrka. Sumaren 1944 var det inspeksjon på gardane i Kvinnherad og «grønnsakareal og frukttretall» vart registrert. På eit skjema frå denne registreringa kan eg sjå kva tippoldefar min dyrka. Det var kål, løk og gulrøter (potetar er ikkje tatt med) og han planta heile 20 frukttrær under krigen, mot berre to før krigen. Kål, løk og gulrøter var det mange som dyrka i Kvinnherad dette året. Når det gjeld frukt ser ein at pærer var populære, til dømes den danske sorten Grev Moltke. Eple- og pæresortane var tydeleg noko som opptok myndigheitene, sidan det står på skjemaet at: «Det er meget viktig å få oversikt over forholdene mellom disse fruktsorter, og det må derfor innskjerpes at sortene oppgis så nøyaktig som mulig».

Kanskje skuldast dette at det var særs lite frukt å få tak i, og at ein såg det som viktig å få dyrka meir, og då helst ville ha nokre sorter framfor andre. Dette er nok òg grunnen til at ein måtte oppgje kor mange trær ein hadde planta i 1940 og seinare. Opplysningar om gardsdriften ruvar i arkivet etter Forsyningsnemnda, så ein kan få eit bilete over storleiken på gardar og kva drift dei hadde. I tillegg til teljing av frukt og grønt finn ein òg lister over produksjon og produsentar av mjølk, smør og ost, seterproduksjon, kornproduksjon, oppgåver over potetareal, kraftfôrforbruk og teljing av husdyr. Husdyra vart talte tre gongar i året mellom 1941 og 1948. Men vi finn òg oversikt over alt frå rasjonering av sykkelgummi til «fiskebollar til dietmat».

Brev i appelsinsaka, 1941

Kan alt regulerast?

Vi har sett at mykje vart nøye talt, målt og registrert av Forsyningsnemnda under krigen, men dei sirlege listene fortel nok ikkje heile sanninga. Tida etter 9. april var kaotisk, noko vi ser av Forsyningsnemnda si brevveksling. I eit brev frå juni 1940 skreiv eit advokatfirma, «paa vegne av appelsinimportørene», om at dei hadde fått greie på at det vart lossa eit større parti spanske appelsinar i Ulvik. Appelsinane var på skipet M/S San Miguel, som søkte inn i fjorden under kamphandlingane. Dei meinte òg at ein del av denne lasten hadde tatt vegen til Kvinnherad, og ville ha opplysningar om dette. Advokatfirmaet meinte i byrjinga av juli å vite at «forsyningsnevnden [har] mottatt 100 kasser appelsiner som ikke er utdelt gratis, og disse maa formentlig da være solgt. Opgjør for disse appelsiner bes derfor velvilligst tilstillet mig». Vi veit ikkje kva dei svarte på advokat Horns krasse brev. Først sumaren 1941 får vi vite meir. Då har saka gått til Oslo Byrett, og Regjeringsadvokaten ber no om dei same opplysningane advokat Horn bad om i saka «San Miguels rederi mot Staten». Forsyningsnemnda melde at dei ikkje hadde hatt noko å gjere med utdelinga av desse appelsinane, men at det dreide seg om 7-800 kassar. Dei hadde fått opplyst at frukten var delt ut gratis til lokalbefolkninga og til norske soldatar, mens rundt 100 kassar vart selt i Rosendal til ein billeg pris. Kven som selde kassane vert ikkje nemnd.

Meir typisk var helst søknader frå kjøpmenn om ekstra leveransar av til dømes mjøl. Det var òg mange flyttemeldingar og krav om oppgåver og skjema frå statleg hald. Alt frå meldingar om at no hadde N.N. fått seg slaktegris, så vedkomande måtte få kraftfôrtilvising, til brev frå Gummiavdelingen i Direktoratet for Industriforsyning, som ga ny instruks om kor mange sykkeldekk og slangar ein fekk per 800. og 1200. innbyggjarar for juli månad. Byråkratiet som skulle til for å halde oversikt over alt dette, må ha vore omfattande. Mellom anna fekk forsyningsnemndene i 1941 ein liste over 52 (!) instruksar og rundskriv som gjaldt «tekstil og lærvarerasjoneringen». Ikkje så rart at dei fort fekk trong for fleire folk på kontoret i Dimmelsvik. Nemnda måtte òg finne seg i krav både nedanfrå og ovanfrå. Til dømes varsla Fylkesforsyningsnemnda i Hordaland hausten 1940 om at brødet frå bakarar i Kvinnherad, «til dømes frå Uskedal Handelsforening, er så ljost at det må vera iblanda kveitemjøl». Slikt «misbruk» måtte rettast opp i straks, og Forsyningsnemnda svarte at ein hadde innskjerpa dette overfor alle bakarane. Allereie hausten 1940 var altså kveitemjøl forsvunne frå brødet.

Hausten 1941 vitnar eit brev frå Ølve om kjøtmangel. «Den slags vara er aldri til salgs hjå handelsmennene her. Skal me i det heile sjå kjøt i vinter, så lyt me få tak i det nå i Haust». På ønskelista sto sauekjøt og flesk. I Ølve og andre stader i Kvinnherad var det mykje skogsarbeid for å skaffe brensel på denne tida, og for at ikkje arbeidet skulle stogge, var det viktig å skaffe mat til arbeidarane. I mars 1942 kom det soleis brev frå Ølve bruk om at vedhogsten måtte stogge etter påske om ein ikkje fekk meir forsyningar. Ein lukkast i nokon grad, mellom anna fekk ein etter kvart tak i kvalkjøt, mens fylkesforsyningsnemnda kunne tilby boksar med makrellkaker til skogsarbeidarane.  

Først på 50-talet vart forsyningsnemndene lagt ned i Noreg. I 1952 vart det «fri flyt» av kaffi og sukker, mens personbilar vart tilgjengelege først i oktober |1960. I arkivet etter Kvinnherad forsyningsnemnd er det lite materiale frå 1950-talet, så vi får tru det var mogleg å få både kveitemjøl i brødet og nye dekk til sykkelen. 

Vil du vite meir om denne tida, kan du gå inn på www.arkivportalen.no og søkje på din kommune og forsyningsnemnda. Der kan du be om det du vil sjå på. Har du spørsmål, kontakt oss på post@ikah.no Med tida vil meir arkivmateriale verte digitalisert og tilgjengeleg for alle gjennom Digitalarkivet. Som ein smakebit kan du her finne registerkort frå Husnes krins frå rasjoneringsteljinga i 1939.