Kommandør Hans Wilhelm Blomberg ilegg alle innbyggjarane ei bot på 100 000 kr for kabelsabotasje

Båe den militære og den sivile motstanden skulle stå sterkt i kampen mot tyskarane. Innbyggjarane i Voss vart i dagane frå 11. til 14. oktober 1943 straffa kollektivt med ei bot på kr. 100 000,- for sabotasje på vernemakta sine kablar. I eit skriv frå tysk tryggleikspoliti ved kommandør Hans Wilhelm Blomberg adressert til Hordaland politikammer vert det opplyst om at fleire vernemaktskablar i Voss sentrum hadde vorte avskore med tong. Ein av kablane skal ha vore ein rikstelefonkabel, noko som kan tyde på eit mistak. I alle høva har ein kunne visa til sabotasje. Me kan vidare lesa at leitinga etter gjerningsmennene hadde vore resultatlaus, derav kravet om at heile befolkninga måtte betala bota som skulle settast inn i på ein konto i Noregs Bank namngjeven «Folio 448 – Kommandeur der Sicherheitspolizei und des S. D in Bergen, Sonderkonto» innan 1. februar 1944. Samstundes vart alle dei innleverte radioapparata beslaglagde. Unnateke frå desse reglane var sjølvsagd NS-medlemer som vart friteken frå å betala.

Kontorsjef Birger Finne møter politipesidenten i Bergen vedkomande bota

Den 31. januar 1944 meldar dåverande kontorsjef Birger Finne til ordføraren i Voss herad at han etter ordføraren si oppmoding hadde møtt hos politipresidenten i Bergen 29. desember 1943 i samband med bota som innbyggjarane i Voss hadde vorte pålagde. Politipresidenten hevdar under møtet at politiet i denne saka ikkje har høve til å bruka dei vanlege tvangsrådgjerder som panting og liknande for innkrevjing av ei bot som denne, men lovar at lensmannen skal byrje innkrevjinga så snart han får innfordringslistene tilsend. Ein kan jo tenkje seg sjølv at det var lite å henta av eigedelar til panting hos innbyggjarane som hadde mista båe gard og grunn i bombinga av Vangen. I denne saka kunne det nok heller ikkje verta tale om noko straffeforfølging i rettsleg forstand då gjerningsmennene ikkje hadde vorte namngjevne. Ifylgje politipresidenten ville politiet vidare stå i kontakt med lensmannen om kven som betalte bota si og kven som ikkje betalte, og deretter gje rapport til tyske styresmaktar som igjen ville ta seg av dei som ikkje betalte. Kontorsjef Finne oppfattar fort at det vil ta tid båe å fordela bota og krevje den inn innan fristen og rådar difor ordføraren til å gjera vedtak om at det av heradets kontantmedel vert gjeve eit lån på kr 100 000,- til forskottering av bota.

Kommandøren for tryggleikspolitiet gjev samtykkje til at avgifta vert utlikna på den einskilde skatteytar ved at bønder og arbeidarar betalar kr. 5,- eller 10,- per husstand etter som deira inntekt og forsørgingsbyrde er og at den resterande sum vert ilikna kvar einskild i høve til den samla skatt vedkomande er ilikna for året 1943/44. I arkiva til Interkommunalt arkiv i Hordaland finn me dei uavkorta innkrevjingslistene med namn på kvar innbyggjar og kor mykje dei skulle betala. Ein kan sjå av listene at befolkninga har vorte delt inn i tre grupper der gruppe ein skal betala kr. 6155,-, gruppe to kr. 10490.- og gruppe tre kr. 97395.-. Gruppe ein og to omfatta gardbrukarar og arbeidarar med skatt inntil kr. 1000,- medan gruppe tre omfatta folk med skatt over kr. 1000,-. Betalingskrava som vart send ut i samband med bota var ikkje til å mistyde, og vart avslutta med fylgjande ordlyd: «Vert ikkje boti betalt i rett tid, vil det få dei alvorlegaste fylgjor for dykk og dykkar husstand. Det er ikkje nokon klageinstans for boti». Tyskarane var heilt klart ikkje til å spøkje med, og det er tydeleg at bota måtte takast på største alvor.

Protestar frå innbyggjarane

I arkiva finn me òg restanselistene frå 21. juni 1944 som visar kven som til då ikkje hadde betalt bota. Av dei om lag 150 personane på lista kan ein lesa at om lag 50 har fått særskild løyve til fritak. Gyldige grunnar til fritak kunne vera til dømes at ein var NS-medlem, sat i tysk fengsel, var rekna som sinnsjuk, hadde fråfalle eller på anna vis hadde fått bota ettergjeve. Ein kan skjøne at ei bot av eit slikt omfang i stor grad ville påverka inntekta til innbyggjarane, og breva til likningsnemnda let heller ikkje venta på seg. Protestane kom frå enkjer, frå folk som var sjuke eller meinte seg ikkje heimehøyrande i kommunen, frå tyske statsborgarar eller tyske krigsfangar, sistnemnde var beskytta av Haag-konvensjonen og til sist frå dei som hadde fått heradsskatten ettergjeven. I eit skriv frå Voss likningskontor 18. september kan ein òg sjå at ein av innbyggjarane har nekta å ta imot bota. Det må vel kunne kallast mot i ein slik samanheng.

Etterkrigstida: tilbakekrevjing av bota

I etterkant av krigen freista kommunen fleire gonger å få godtgjering for bota. Voss Formannskap melde kravet til Justisdepartementet 9. november 1945 samla for alle skatteytarar som hadde betalt bota, og 30. november sende formannskapet eit skriv frå Anders Ullestad med krav om erstatning. I desember 1945 fekk alle fylkesmennene eit rundskriv frå Justisdepartementet, Oppgjerskontoret vedkomande avgifter pålagd kommunane i okkupasjonstida. Ifylgje skrivet hadde ein enno ikkje teke stilling til førespurnaden om erstatning. Voss var berre ein av 20 kommunar som vart pålagd bot. Private personar tek òg til orde på vegne av fellesskapen, og i arkivet finn ein til dømes eit brev frå lokomotivførar O. P. Johansen til Justisdepartementet der han spør om ikkje innbyggjarane har rett på å få att pengane sine. Fleire personar oppretta sak mot kommunen i denne tida.

Båe Justisdepartementet og Erstatningsdirektoratet fråskriv seg etter kvart ansvaret. Det vert opplyst om at saka ikkje kan handsamast ut frå fråsegna i Restitusjonslova då det ikkje dreia seg om ei bot i eigentleg forstand, men meir ei kollektiv avgift. Alle krav skal no rettast til kommunen. Hordaland politikammer kjem med forslag om å ta kontakt med Noregs Bank, avdeling Bergen. Det siste skrivet i saka dagsett 8. oktober 1948 kjem frå Noregs Bank og lyder slik: «Etter å ha forelagt saken for vårt hovedsete skal vi få meddele at Norges Bank ikke kjenner til hva tyskerne har brukt disse penger til, og vi kan ikke imötekomme kommunens anmodning om å få belöpet tilbake». Sanninga om kven som stod bak hendinga på Voss i desse krigsdagane verkar å vera ein vel bevart løyndom sjølv om ein nok kan rekna med at fleire personar sit på mykje informasjon.