Krigsåra var preget av varemangel, noko som førte til at mange byrja å hamstre varer, nordmenn så vel som tyskarar. I eit skriv til forsyningsnemnda i Sæbø datert 17. august 1942 informerte Hordaland fylkes forsyningsnemnd at levering av poteter til den tyske vernemakt kun skulle skje mot framsyning av eit gyldig Wehrmachtbezugschein. Leveringen kunne vidare berre krevjast i kommunar som var pålagt levering til forsyningsnemnda. Bakgrunnen for kravet om gyldig kjøpetillating nemnast ikkje, men ei mogleg forklaring kan vera at dette var eit grep for å hindre at poteter vart gjømt vekk av tyske soldatar.

I Sæbø var det under dei fyrste krigsåra fleire bønder som ikkje klarte å møte krava om levering av poteter. Potetkreft og mangel på såpoteter rama enkelte garder hardt. I eit brev til E. Kvamme skreiv forsyningsnemnda at han ikkje var den einaste gardbrukaren i kommunen som ikkje klarte å levere sitt pålagte kvantum poteter. Forsyningsnemnda opplyste at andre hadde kjøpt det dei mangla av kommunen, og at dette også var eit tilbod Kvamme kunne nytte seg av: “ Dei 350 kg so De restar på levering kan De få kjøpa av oss, me sytar for leveransen, og so er De ferdig med det”. Enkelte bønder valte å uttrykte sin misnøye i møte med krav om levering til den tyske vernemakta. I 1943 skreiv tre gardbrukarar til forsyningsnemnda i Sæbø: “Imdlertid gjer no Forsyningsnemnda krav på at me skal betale eit millomlegg millom det pålagde kvantum og deu av Forsyningsnemnda innkjøpte potetor. Dette synes å vera noko urimelig”. På grunn av potetkreft var dei avskrivne frå å levere poteter i likskap med andre gardsbruk, og  dei opplevde det som særs urettferdig at dei måtte betale for at “ei plage er kome yver potetone våre”.

Bønder i Sæbø vart også pålagt å levere høy til den tyske okkupasjonsmakta. Den 15. april 1941 informerte Fylkesmannen i Bergen og Hordaland at “Reichkommissar for de besatte områder i Noreg” hadde bestemt at det skulle rekvirerast ein bestemt mengde høy og halm til den tyske vernemakta. Hordaland fylke skulle levere 330 tonn høy og 0 tonn halm. Forsyningsnemnda og jordstyret i den enkelte kommune skulle i fellesskap avgjera kva for mengde høy og halm bøndene i kommunen måtte levere. Fire dagar seinare haldt forsyningsnemnda, jordstyret og ordføraren i Sæbø eit møte for å drøfte saka. Ulike grender og krinsar var også representert ved møtet. Forsamlinga var samstemte i at det det ville vere vanskeleg å skaffe til veie dei 4 tonn høy dei var pålagt å levere, og at dette kunne få dei verste fylgjer for bøndene. Forsamlinga vart likvel samde i at forsyningsnemnda og jordstyret skulle dra på synfaring til dei ulike gardene.

Synfaringa vart oppsummert slik: “Denne befaring er no ferdig og resultatet er på mange steder verre end ein vilde tru. Hjelpefor som sellulose, lyng, skav beit og tang har vore brukt frametter vinteren, no er desse ting det viktigaste for som mange har for å halde liv i dyri, då høyet er heilt slutt mange stader”. Forsyningsnemnda og jordstyret i Sæbø valte difor å søke Fylkesmannen i Hordaland om ei utsetjing på tre månader. Søknaden vart derimot avslått. Fylkesmannen hadde forståing for situasjonen, men understreka at den pålagte mengda høy måtte leverast. Viss ikkje kunne det få konsekvensar: “Vert det ikkje gjort, vil det lett kunne føra til misstydingar som kan få sers leide fylgjer for vedkomande kommune, og for dei som Departementet har gjevi pålegg om å føreta utlikninga”.

Mangel på drivstoff og motordrivne kjøretøy gjorde hesten til ei ettertrakta vare hos tyskarane. Det var vanskelig å drive gard uten trekkraft, og hesten var såleis det viktigaste dyret til bonden. Vi kan heller ikkje se vekk frå at mange bønder opplevde det som sårt å skulle skiljast frå arbeidskameraten sin. I eit brev til ordførar Johs Reigstad fortel Fusa lensmannskontor om ein bonde i Strandvik som reagerte med sinne da han fekk beskjed om å levere hesten sin til den tyske vernemakta. Lensmannen hadde til slutt set seg nøydd til å sende ein betjent for å hente hesten og framstille den for levering. Etter at hesten var blitt henta dukka bondens son opp på lensmannskontoret og kravde å få utskrive ein ny hest. Nokre dagar seinare stilte også bondens kone opp på kontoret, kor ho ga lensmannen ei skikkeleg overhøvling. Kona kravde ikkje bare ein ny hest, men forlangte at sjølvaste ordførarens hest skulle leverast til garden. Om familien klarte å skaffe seg ein ny hest er uvisst. Lensmannen anbefalte bonden å ta kontakt med Hordaland fylkes hestenemnd, som igjen hadde vist til den tyske hesteleiren på Unneland i Fana. Her kunne han kjøpe seg ein ny hest i alderen 14-16 år for 600-700 kr, som ikkje var ein ubetydeleg sum for ein fattig bonde.