Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Nyhende

Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.

Strategiprosessar - tilsette

Strategiprosessar på 1-2-3

For eit par veker sidan arrangerte vi fagseminar for alle tilsette på IKA Hordaland. Vi fekk besøk av kommunikasjonsleiar i Alver kommune Silje Andvik Hosaas. Saman med KS konsulent har kommunen utvikla ein ny metode for å jobbe med arbeidsprosessar. Hosaas fortalde oss om «Alver-metoden», korleis Alver har nytta metoden for å bygge ny kommune og erfaringar dei gjorde seg i denne prosessen.

Ferdig ordna elevmapper frå Kleppestø ungdomsskole i arkivboksar

Ferdig ordna arkiv frå Askøy

Elevdokumentasjon er noko av det viktigaste skulane tek vare på for ettertida. Det er fordi materialet inneheld dokumentasjon som bidreg til å ivareta rettstryggleiken til elevane medan dei er i skuleløpet og i ulike omstende etter enda skulegang. Dokumentasjon om elevane samlast i elevmapper. Vanlege sakar i ei slik mappe er etter logopedi, PPT, barnevern, permisjonar, ferie, generell og tilrettelagd undervisning og mykje meir. Dei aller fleste av oss har gått på offentlege grunnskular, ein kan difor oppdrive informasjon om seg sjølv i arkiva etter dei mange skulane.

Lokala til avdeling for ordning av administrative papirarkiv

Sumar på avdeling for ordning av administrative papirarkiv

Avdelinga for ordning av administrative papirarkiv har i løpet av våren vakse til å bli den største avdelinga på IKA Hordaland. I mars flytta avdelinga vår inn i nye lokale i Kalfarveien 76, fordi dei tidlegare lokala vart for små. Per i dag er me ni tilsette ved avdelinga, medan me for berre eit år sidan var fem.

Husmorvikarnemnda

Mot slutten av 1940-talet vart dei fyrste husmorvikarstillingane i kommunen oppretta. Husmorvikarane skulle bidra med hjelp til barnefamiliar i situasjonar der husmora sjølv ikkje kunne utføre sitt vanlege tilsyn og stell i heimen. Verksemda kunne også i nokre tilfelle nyttast i førebyggjande arbeid, blant anna som støtte i nyetablerte familiar som trong råd og rettleiing.

Vergerådstatistikk

Lov om barnevern

Denne veka er det 66 år sidan lov om barnevern blei vedtatt i 1953. Lova avløyste verjerådslova av 1896, samt føresegn frå pleiebarnslova, forsorgslova, helserådlova og skulelova. Hensikta var å skape tryggare og ryddigare juridiske tilhøve for dei som var påverka av dei ulike lovene. Barnevernslova av 1953 utvida ansvarsområdet til barnevernet til å inkludere barn som levde under forhold som kunne skade utviklinga deira, og ga barnevernet eit generelt ansvar for barn sine oppvekstkår.

Framhaldsskulen

Framhaldsskulen

Skulearkiv er eit av dei mange ulike typane arkiv me tek vare på i magasina våre. Nokre av dei eldste skulearkiva er dei etter framhaldsskulane, kalla «fortsettelseskule» før 1946. Framhaldsskulane vaks fram mot slutten av 1800-talet og utover byrjinga av 1900-talet. Saman med realskulen var dei ein forgjengar for det som skulle bli den niårige grunnskulen.

Forside

Tsjernobyl-ulykka

TV-serien «Chernobyl» vart raskt ein suksess etter å ha vorte sendt på strøymetenesta HBO denne våren. Serien tek utgangspunkt i kjernekraftulykka som hende natt til 26. april 1986. Tsjernobyl-ulykka er framleis den verste kjernekraftulykka verda har sett, og førte til at store mengder radioaktive stoff vart slopne ut i atmosfæren. Vind frakta stoffa til landområde også utanfor Ukraina. Berre to dagar etter dei dramatiske hendingane i Tsjernobyl synte målingar auka radioaktivitet i Noreg.

Stadnamn

Dialekt og stadnamn frå Sund

Dialektane våre er i stadig endring. Måten vi snakkar på blir påverka av og endrar seg i takt med samfunnet. Nye ord og uttrykk ser dagens lys, medan andre viskes ut og forsvinn.

Digitaliseringsprosjekt - Anita og Jørn

Pilot: Digitaliseringsprosjekt

Nye Øygarden kommune oppretta i år eit prosjekt for å digitalisere dei «gamle» kommunane, Fjell, Sund og Øygarden, sine eldre byggesaksarkiv.

Tubfirm

Frimerke i arkiva

Når vi ryddar og ordnar gamle arkiv finn vi ofte ting som har historisk verdi, men som likevel ikkje er arkivverdige. Blant dette er det store mengder frimerke som kan få ein ny verdi ved at dei vert send til Tubfrim.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10
>