Kontaktkonferansen 2026
Sett av 26. og 27. oktober for årets kontaktkonferanse for arkiv-Hordaland på Sandsli. Vi ser fram til to svært kjekke dagar på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli.
Her finn du IKA Hordaland sin formidlingskanal ut mot publikum og eigarkommunane. På sida vil vi legge ut informasjon, nyhende, gje eit innblikk i arbeidet vi gjer på IKA Hordaland og presentere smakebitar frå arkiva.
Sett av 26. og 27. oktober for årets kontaktkonferanse for arkiv-Hordaland på Sandsli. Vi ser fram til to svært kjekke dagar på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli.
Vi har no ei spennande fast stilling som rådgjevar og kommunekontakt (100 %), og vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og har interesse for arkiv og dokumentasjonsforvalting.
Som rådgjevar hos oss får du arbeide tett med kommunane våre og bidra til god arkivforvalting, trygg dokumentasjon og utvikling av fagfeltet. Stillinga gir rom for både fagleg og personleg utvikling, og du blir ein del av eit inkluderande miljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Les om stillinga og søk på ho via annonsen vår på jobbnorge.no.
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med dagleg leiar Rune Lothe på 41 41 21 38 eller fagleiar Knut Rødseth Kjosås på 91 81 80 87 for ein uforpliktande prat.
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS sitt representantskapsmøte vert helde på teams fredag 13. juni 2025 kl. 09:00-11.00.
Tirsdag den 6. januar 2026 publiserte vi dei fyrste bileta på Digitalarkivet foto.
Aller fyrst for tur står fotosamlinga etter Radøy bygdeboknemnd. Denne samlinga består av over 4000 fotografi som har vorte samla inn frå heile gamle Radøy kommune.
Trykk her for å sjå fotografia vi har publisert.
Vi publiserer fotografi til Digitalarkivet fortløpande.
Hausten 2025 har Kultur- og likestillingsdepartementet sendt ut forslag til ny arkivforskrift på høyring. Det same har Riksarkivaren gjort med ny bevaringsforskrift.
Vi har sendt inn høyringsfråsegn til dei nye forskriftene på vegne av våre eigarkommunar.
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS sitt representantskapsmøte vert helde på teams fredag 12. juni 2026 kl. 09:00-10.00.
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS sitt representantskapsmøte vert helde på teams 24.10.25
I år arrangerer vi kontaktkonferansen på fantastiske Hardangerfjord hotell. Vi gler oss stort til å møtast i Øystese 20. og 21. oktober 2025.
Vi har inngått samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen om å ta imot studentar frå emnet AHKR202 Digitalisering av kulturarven: Teoretisk innføring og praktisk utprøving.
Gjennom dette samarbeidet får studentar høve til å lære korleis digitaliseringsprosessar går føre seg i praksis. Samstundes bidreg vi til utdanning av framtidas fagfolk innan arkiv og kulturarv.
Vi ser fram til å møte studentane vinteren 2026.